RÅD TIL FORELDRE MED BARN I BARNEHAGAR OG SKULAR I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

HANDTERING AV KORONAVIRUS

Det er per 1. mars ikkje påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. Ingen av innbyggarane våre er sett i karantene av helsemyndigheitene. Vi følgjer råd frå nasjonale myndigheiter om koronavirus, og det betyr at barnehagar og skular skal haldast opne.

Barnehagebarn og elevar utan symptom, skal gå i barnehagen/på skulen som vanleg. Unntak er dei som har vore i nærkontakt med personar med bekrefta koronasmitte. Det blir sendt eit eige skriv til føresette med heim måndag 2. mars.

Snakk med barna om sjukdom og hygiene:

  • Dei aller fleste som blir smitta av koronavirus, blir ikkje alvorleg sjuke. Men mange barn kan bli redde når dei høyrer om koronavirus, og det er viktig at barna får faktabasert kunnskap om sjukdomen. 
  • Gi barna informasjon om god håndhygiene. Minn særleg barna om at dei må vaske hendene før dei et og at dei bør unngå å ta seg til munnen, nasen og augene med uvaska hender når dei er ute blant folk. Hugs at også mobiltelefonen kan vere ei smittekjelde.
  • Minn barna på at dei må hoste eller nyse i albogekroken

Handtering av sjukdom

  • Ha låg terskel for å halde sjuke barn heime frå barnehage og skule.
  • Foreldre bør halde barna heime ved sjukdom for å hindre spreiing av smitte. Ved mistanke om koronavirus bør barnet vere heime i 14 dagar eller så lenge legen anbefaler. 
  • Vi anbefaler ikkje at barn brukar munnbind. Feilbruk førekjem ofte, og personar som brukar munnbind, tar seg oftare til ansiktet, noko som kan auke smittefaren.

Du finn mykje informasjon og gode råd om koronaviruset på Folkehelseinstituttet sine nettsider.