Bjørnafjorden kommune har vedtatt å framskunde andre vaksinedose for alle.

Først ut er tilsette i barnehagar, skular og SFO, og andre yrkesgrupper som har nærkontakt med elevar og barnehagebarn i Bjørnafjorden kommune.

Deretter vil ein følgje den same aldersprioriteringa som for første dose.

- Ekstra vaksineleveransar gjer at vi endeleg har moglegheit til å framskunde andre dose - og ikkje minst å prioritere dei som jobbar med barn og unge i vår kommune. På denne måten ønskjer vi å gi både små og store ein god start på det nye skule- og barnehageåret - det treng og fortener dei verkeleg! seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.